torsdag 9. oktober 2008

Hundebein (politisk korrekt)

Har du nokon gong tenkt på at to postar med ein strek i mellom liknar eit hundebein? Det har ikkje eg før i dag, då eg kom til onsdagstrening med Greater Vancouver Orienteering Club (GVOC). Opplegget var nemlig, dogbone-o. Sjølve løpet gjekk føre seg i ein park meir eller mindre midt i byen, i grannleiken til eit sjukehus. Til løpet kom eg med bussen, ein snøgg halvtime frå universitetet.

Etter eit kvarters oppvarming med nokre av dei andre gutane - oppvarminga inneheld som vanleg krasse fråsegn om Sara Palin - var det eg fekk vite kva dogbone-o eigenleg er. Ein får eit kart med strekk spreidd over det heile, så veljer ein sjølv kva rekkjefølgje ein ynskjer å springe strekka i. Ein kan springe frå A til B eller frå B til A, men ein må helde seg til eitt strekk i gången.

Inneforstått med opplegget satte eg på meg lykta og sprang i veg på fellesstarten. Det viste seg at John og eg hadde satsa på den same rekkjefølgja, så det vart selskap. John, som deltek i Eventyrtevlingar*, sprang rett snøgt, men det gjorde faktisk eg også, så han la seg bak for å freiste læra litt o-teknikk. Parken var fin, høstkvelden var kald og klar og det var berre ei njuting å springa. Denne gången held også kartet rett god kvalitet.

Etter nedjogging dro vi rundt 10 stykker til Foe, for å ete middag saman. Eg åt kylling, risnudlar og lauksuppe og drakk te og vatn, til den nette pris av $7.60. Under 40 kronar med andre ord.

Etter å ha teke ein sein buss heim, og prata med ein kanadiar som undra korleis det norske velferdssystemet var, sidan vi alltid ligg på topp på HDI-rankingen, er det herleg å sitte framfor pd-en og vevlogge. Det er forresten rett mange som freistar spørja kva det er Noreg gjer for å klare seg så bra.

I morgon er det långtur med klubben og på fredag o-teknisk trening på dette kartet.

*Adventure Racing

Ingen kommentarer: